
Sauna, ro og ein fjord dei færraste har funne – kjenn korleis kroppen slappar av og hovudet stilnar
Er du glad i badstua, kan eit årskort vere eit godt val. Med årskort får du redusert pris på booking kvar gong du brukar badstua, og jo oftare du kjem, desto meir sparer du. For mange blir badstua ein fast del av kvardagen – etter ein tur i fjellet, eit friskt bad i fjorden eller berre for å finne litt ro og varme. Med årskort får du ein rimelegare kvardag i badstua og høve til å bruke anlegget så ofte du ønskjer. Samstundes er du med på å støtte og utvikle badstutilbodet i Bygstad til glede for både bygdefolk og tilreisande.



Bestilling
Du bestiller tid i kalender. Opphaldet varer i 2 og ein halv time både for DROP IN eller PRIVAT.
DROP IN eller PRIVAT
DROP IN betyr at du bestiller kun for deg/dykk, men at du deler badstua med andre dersom andre har booka på same tidspunkt. Det er maks 6 personar om gongen som kan bestille ved DROP IN.
PRIVAT betyr at du bestiller heile badstua eksklusivt. Då kan de være fleire, og badstua har plass til inntil 8 personar.
Aldersgrense
Du må være 18 år for å booke. Born er velkomne i følge med vaksne.
Opningstider
Alle dagar kl 06:00 - 23:00